Bla ned
for å utforske

Fjernstyrt fôring gir store fordelar

Alfred Økland styrer joysticken stødig. Flyttar blikket frå skjerm til skjerm. Analyserer rørslemønsteret til fisken. Veit akkurat når han skal gje laksen fôr og kva han skal sjå etter. I det nye tilvekstsenteret i Håvik har operatøren full oversikt over anlegget ved Espevær – fleire mil unna

– Heisann, Anders her!

Handtrykket er fast og karen svært imøtekommande.

– Bli med meg inn her så skal de få sjå kva me balar med.

Anders Eidet Vik set kursen gjennom ei dør. Og så ei dør til. Og der opnar herlegdommen seg. 28 digre flatskjermar fordelt utover. Pluss på åtte pc-skjermar og du forstår omfanget. Her sym det laks i alle slags vinklar. Og to karar med kvar sin joystick har full kontroll på anlegga i Gissøysundet og ved Sølvøyane.

– Dei seinare åra har Bremnes Seashore testa ut modellen med såkalla tilvekstsenter i eit mindre pilotanlegg på Tittelsnes i Sveio. Erfaringane var så gode at me konkluderte med at dette kunne ein gjere i større skala, fortel Eidet Vik som er driftsleiar ved tilvekstsenteret.

– Fordelane er openbare. Me får enno betre kontroll på fôringa og unngår no at noko går til spille. HMS-en er og styrka ved at me kan overvake anlegget trygt også når det er uvær, og me får meir spissa fagmiljø. I tillegg gjer teknologien oss vesentleg meir effektive og me får dermed frigjort folk til andre oppgåver i selskapet, seier regionssjef for matfisk i Hordaland, Jørn Rune Bruun.

F.v.: Alfred Økland, Maja Katrine Fagerheim, Jørn-Rune Bruun, Anders Eidet Vik, Malene Fjellheim og Dag Eirik Aasheim

Han legg armane i kross. Tydeleg nøgd med nyvinninga peikar han på at dei dyktige fagfolka som er ute på anlegga no får enno meir fokus på sjølve røktinga og reinsefisken, medan tilvekstsenteret får reindyrka ekspertar på fôring og overvaking.

Då anlegget vart teke i bruk i november var det allereie gjort eit godt grunnlagsarbeid for korleis anlegget skulle sjå ut.

– Me kunne gått for dyr hyllevare men valde å designe vårt eige oppsett, fortel Eidet Vik.

Han smiler når han fortel om korleis han laga pappmodellar heime i stova og fekk sambuaren til å lage 2D- og 3D-teikningar av korleis det skulle sjå ut.

– Det var ein artig prosess. Dei målsette teikningane sendte me til Fitjar der ei bedrift lagde riggane til skjermane. Dei er blitt veldig bra. Flyttbare og fleksible med gode ergo­nomiske løysingar tilpassa vår bruk og våre behov. Og rimelegare enn hyllevare­modellane.

Anders Eidet Vik, driftsleiar ved tilvekstsenteret i Håvik.

F.v.: Jørn-Rune Bruun og Anders Eidet Vik

Og bak skjermane ligg det store mengder med data som vert prosessert via software frå Steinsvik.

– Her snakkar me både Big Data og Industri 4.0. Me har hatt behov for god hjelp, og IT-avdelinga har gjort ein framifrå jobb for oss knytt til dette. Me er svært nøgd med oppstarten, fortel Bruun.

Etter kvart vil sju lokalitetar vere fôringsstyrt frå rommet i Håvik. Noko hemmelegheitsstempling på anlegget ser dei derimot ikkje som nødvendig. Eidet Vik og Bruun er samstemte.

– Me er opne og villige til å dele våre erfaringar. Me er alle tent med at heile bransjen styrkar seg både når det gjeld miljø og HMS, avsluttar dei.