“Bla ned for å se mer” gadgeten
Bla ned
for å utforske
“Bla ned for å se mer” gadgeten
Bla ned
for å utforske
Det er mange element som må vere på plass når ei bedrift ynskjer å vere noko meir enn berre ei «i mengda». Kvaliteten i alle ledd er avgjerande. Og folk. Veldig gode folk!
– I Bremnes Seashore har me ein målsetnad om å produsere laks som er ferskare og med betre konsistens og smak enn det konkurrentane tilbyr, fortel administrerande direktør, Einar Eide.
Han legg ikkje skjul på at det er dei tilsette som er nøkkelen for å nå målet.
– Me har dyktige og trufaste medarbeidarar i alle avdelingar. Det er me heilt avhengige av i ei tid der dei teknologiske framstega er store. Målet er å skilje oss positivt ut når folka våre og teknologien i lag skapar prosessar som gir konkurransefortrinn.
Fotavtrykk me kan stå for
Nye metodar og høgare foredlingsgrad har også gitt meir fokus på berekraft og effektivitet.
– Me er betre på foredling enn nokon gong. Industriell matproduksjon vil alltid ha eit visst fotavtrykk, så det handlar om å minimere dette. Ved høg lokal foredlingsgrad vert behovet for emballasje og transport mindre. Det gjev sjølvsagt også betre økonomi å utnytte råvara maksimalt.
Heilt problemfritt er det likevel ikkje når ting skjer i høgt tempo. Igangsetting av nye anlegg og bruk av ny teknologi har også ein pris utover reine kostnader.
Einar Eide, adm. direktør
Nye tilsette – nye moglegheiter
For å halde ein stabil produksjon med strenge kvalitetskrav har det vore heilt naudsynt å styrke bemanninga i Bremnes Seashore dei siste åra. Det gir også påfyll av ny kunnskap utanfrå.
– Me har tettare kontakt med utdanningsmiljøa, tek inn fleire lærlingar og får fleire fagarbeiderar i selskapet. Me har óg rekruttert ny og relevant kompetanse frå andre næringar som har bidrege til å utvikle oss vidare. Bransjen har historisk sett vore veldig mannsdominert. Spesielt i leiarposisjonar. Me har no fått fleire kvinnelege leiarar innan ulike deler av verksemda, noko som er positivt.
Tala viser at det no er 36 % kvinner blant dei 435 tilsette. I staben finn ein også unge kommande fagarbeidarar.
– Det er stas at me kvart år kan ta inn ungdommar som går opp til fagprøve hos oss. Per no har me ti lærlingar i bedrifta. Dei er svært viktige for framtida vår.
Kortare tid i sjøen
Einar Eide har store forventningar til det kommande året.
– Trovåg-satsinga gjer at me er marknadsleiande på stor smolt (500 g). Ved redusert tid i sjøen for laksen minskar me også risikoen for sjukdom og lusepåslag. Desse momenta gjer oss eit godt grunnlag for meir føreseieleg produksjon.
Færre biologiske utfordringar er også viktig i forhold til trafikklyssystemet til myndigheitene, og for oppdrettsbransjen sitt renommé.
– Me skal i alle fall gjere det me kan for å vere ein konstruktiv og anerkjent bidragsytar for utvikling av næringa. Me skal skilje oss ut positivt, avsluttar Eide.