“Bla ned for å se mer” gadgeten
Bla ned
for å utforske
“Bla ned for å se mer” gadgeten
Bla ned
for å utforske
I fjor vart det gjort ei innkjøpsanalyse i Bremnes Seashore. Hovudmålet var å få ei oversikt over korleis ein driv innkjøp i konsernet, kven ein kjøper varer og tenester av, samt finne forbetringspotensiale og moglege samarbeidspartnarar.
Dagleg er det innkjøp av varer og tenester for store beløp i Bremnes Seashore. For utan gode leveransar stoppar hjula å rulle. I ei bedrift som går godt er det fort gjort å gjere ting slik ein «alltid» har gjort det.
– Me var ikkje på jakt etter nokon syndebukkar då analysearbeidet starta i fjor. For me veit kor dyktige innkjøparane i dei ulike ledda er i jobben sin. Men det var på tide å sette ting meir i system og sjå konkret kva me nyttar pengar på, seier innkjøpssjef Jon Vikanes Buchvold.
Systematiseringa gjorde det enklare å tenke nytt.
– For å styrka forhandlingsmakta vår valte me å undersøka moglegheitene for at våre samarbeidspartnarar ville driva innkjøp saman med oss, fortel Buchvold vidare.
Bolaks var eit naturleg selskap å ta kontakt med i denne prosessen.
– Me er både kunde og leverandør hos Bremnes Seashore. At me kan samarbeide om betre prisar og leveransar hos andre leverandørar er ei vinn-vinn-løysing. No skal me kartlegge kva ulike område me kan hente gevinstar frå, seier teknisk leiar Mark Ringeling i Bolaks.
Meir struktur
Både Vikanes Buchvold og Ringeling slår fast at ein allereie sparer betydelege kostnader.
– Me må nok erkjenne at me ikkje har utfordra leverandørane nok. No får me meir struktur og breiare involvering i innkjøpsprosessane, seier Ernst Olav Helgesen, teknisk sjef sjø.
Bremnes Seashore har starta eit digitaliseringsløp, med mål om å få på plass eit innkjøpssystem som strømlinjeformar innkjøp og automatiserer mykje av ordre- og fakturaflyten.
– Dette vil gi oss fordelar i fleire dimensjonar. Me får på plass ein portal for innkjøp av standard varer og tenester, der det vert oversiktelig kva leverandørar ein til ei kvar tid skal nytta seg av, og kva produkt leverandøren har tilgjengeleg, påpeikar Buchvold.
Fleire moglegheiter
Dei tre utelukkar ikkje ytterlegare samarbeid på andre område i kjølvatnet av innkjøpssamarbeidet.
– Eg håpar og trur at me blant anna kan samarbeide meir knytt til biologiske utfordringar, seier Helgesen.
Ringeling er samd.
– Ja, det er absolutt ein moglegheit for. Eg ser eigentleg berre moglegheiter knytt til det å jobbe tettare med Bremnes Seashore. Me veit kva dei står for, og det er ein tryggleiksfaktor for oss.
Forutan Bremnes Seashore og Bolaks er også Fremskridt Laks AS og Austevoll Melaks med i det nye innkjøpsarbeidet.