“Bla ned for å se mer” gadgeten

Bla ned
for å utforske

 

NØKKELTALL OG HØGDEPUNKT

  2018 2017 2016
Finansiell Informasjon
Sum inntekter 2 636,9 2 630,7 2,359,9
Resultat før finanspostar og skattekostnad 198,5 427,7 314,8
Driftskostnader 2 438,4 2 203,1 2,045,1
Årets resultat 165,2 339,6 247,7
Kortsiktig gjeld 539,4 309,0 331,8
Langsiktig finansiell gjeld 566,8 620,3 624,1
Netto rentebærande gjeld 665,6 471,2 514,5
Sum eigedeler 2 625,2 2 343,5 2,057,8
Aksjekapital 6,1 6,1 6,1
Sum eigenkapital 1 363,7 1 248,5 948,3
Netto gjeld over sysselsett kapital % 24,7 % 23,2 % 29,8 %
Berekna ROACE % 9,6 % 22,7 % 19,5 %
 
Operasjonell informasjon
Eigenproduksjon laks (mt) 27 800,0 28 200,0 25 800,0
Ståande biomasse sjø (mt) 16 984,9 17 400,0 16 620,0
Gjennomsnittleg MTB-utnytting 91,8 % 90,3 % 95,0 %

Styret si års­melding for 2018

 

Bremnes Fryseri har hovudkontor i Bømlo kommune med produksjonsavdelingar i Hardanger, Sunnhordland og Rogaland, og salskontor i Bergen, Oslo, Stockholm og Paris. Verksemda til konsernet omfattar i all hovudsak oppdrett av settefisk og matfisk, samt slakting, pakking, frysing, foredling og sal av oppdretta laks og lakseprodukt.

2018 var eit rekordår for omsetning ettersom prisane framleis held seg på eit høgt nivå kombinert med at aktivitetar relatert til kjøp og sal av ekstern fisk har auka. Operasjonelle og biologiske utfordringar var ei kjelde til redusert slaktevolum og auka kostnader innan oppdrettsverksemda, medan høge lakseprisar har ein negativ effekt på innteninga til foredla produkt klarte ein likevel å auke lønnsemda frå merkevaresalet. Kostnadsreduserande tiltak er iverksett, noko som saman med investeringar på auka smoltstorleik er forventa å bidra til vekst i topplinje og marginar.

2018 OPPSUMERT
2018 var eit rekordår med omsyn på omsetning. Salet har aldri vore høgare, med ein total omsetnad på NOK 2 636,9 million, 0,2 % over den gamle rekorden frå 2017. Etterspørsel etter laks overgjekk tilbodet gjennom året, noko som gav gode priser i alle marknader. Fordelen med høge prisar vart midlertidig delvis møtt av auka kostnader i produksjonen på sjø. Krevjande biologiske utfordringar og høge sjøtemperaturar i sommarhalvåret med tilhøyrande algeoppblomstring bidrog til kostnadsauke. Styrka konkurranseevne har vore eit viktig fokusområde, og fleire tiltak for kostnadsrasjonalisering og effektivisering av produksjonen til dei foredla produkta har vorte iverksett. Trass høge råvareprisar klarde foredlingsverksemda å skapa meirverdiar gjennom streng ressursstyring i produksjon
og godt marknadsarbeid. Settefiskverksemda vår er under utvikling, og me legg ned store verdiar i posisjonering mot stor smolt. Satsinga er føre skjema og resultata er svært lovande og betre enn forutsett for året. Som eit resultat av dette vart EBIT for konsernet NOK 198,5 million, samanlikna med NOK 427,7 million i 2017. Med 9,5 % var ROCE for året noko under det langsiktige målet på 12 %. Bakgrunnen for dette var avgjerda om å redusere slaktevolumet i 2018 for å byggja biomasse etter ein periode med utfordrande produksjon i tredje kvartal. Dette fekk tilhøyrande effekt for NIBD som enda på NOK 665,6 million.

Omsetning

BREMNES FRYSERI-KONSERNET
Vår visjon er å setja den nye globale standarden for kvalitetslaks. Denne visjonen kan best verkeleggjerast gjennom å vera best på kvalitet, etisk standard og berekraftig miljøarbeid med eit fokus retta mot ferskheit, hygiene, fiskevelferd, kunnskap og innovasjonsevne. Som føregangsbedrift for kvalitetslaks styrkar me vår posisjon som ein leiande leverandør, med høgaste kundetilfredsheit hos utvalde kundegrupper i den globale marknaden. For å klara dette tar me mål av oss å dra nytte av heile den integrerte verdikjeda og ta ansvar for å leia utviklinga av kvalitetsfremmande produksjonstiltak.

Ved å fokusere på enno betre samhandling sikrar me langsiktig verdiskaping for våre kundar og oss, gjennom optimal drift, sterk konkurransekraft, auka produksjonsvolum, reduserte kostnadar og auka volum av foredla varer. Me er i dag mellom dei største familieeigde lakseprodusentane, og leverer den fremste kvaliteten i den globale marknaden. Me arbeider hardt for å auke konkurransekrafta og plassere Bremnes Fryseri i førarsetet for utvikling av bransjen, og har mellom anna lagt ned store ressursar på å vera leiande på å imøtekoma offentlege rammevilkår gjennom aukande intern kontroll og informasjon.

Konsernet har sidan tidleg på 1990-tallet vore leiande på utvikling av industrielle prosessar for lakseproduksjon med fokus på kvalitet. Vidareutvikling av dette og innovasjon på produksjonsmetodar som aukar kontrollen på innsatsfaktorar og sluttprodukt er eit kontinuerleg fokus som er langt oppe på dagsordenen. Dette kjem også til uttrykk i innovative løysningar som vil støtte opp om ein ny berekraftig oppdrettsutvikling som konsernet også i fortsetjinga skal vera med å utvikla. Me har gjennom 2018 utvikla og lansert ein ny strategi for konsernet som fokuserer på berekraft, auka verdi på produksjonen, styrka kostnadsfokus, samt skapa meirverdi gjennom merkevarer og konsept. Me har tru på at felles fokus og betre samhandling vil være forløysande for å henta ut potensialet i organisasjonen, og slik realisere visjonen til konsernet.

Berekraft
Det er avgjerande for konsernet å sikra ein berekraftig lakseproduksjon på sjø, og at ressursane våre blir brukt i samsvar med dette. Me sett lik­skapsteikn mellom berekraft og lønnsemd, og vårt bærekraftsfokus kjem til uttrykk gjennom dei krav me set til samarbeidspartnarar i heile verdikjeda, innovasjonskulturen vår, fokuset på å sikra gode og trygge arbeidsplassar gjennom ein berekraftig og lønnsam produksjon og lokal verdiskaping.

Auka verdi produksjon
Gjennom investering i stor smolt, utvida samarbeid med naturlege partnarar i bransjen og målretta organisering har me mål om å betra biologiske forutsetningar, auke overleving og produksjon på sjø under eksisterande tillatingar.

Sterk kostnadskultur
Lågare produksjonskostnad oppnår ein gjennom betre kapasitetsutnytting i produksjonen og tilrettelegging for optimalt produksjonsfokus. Etablering av innkjøpsfunksjon, styrking av utviklingsarbeidet som støttefunksjon, aktivitetsbasert organisering, implementering av nye digitale løysningar og auka grad av automasjon er viktige tiltak som vil bidra til meir effektiv drift gjennom støtte og frigjering av kapasitetar i verdiskapingsleddet.

Skape meirverdi gjennom aktiv merkevare- og konseptutvikling
Å skape meirverdi på råstoffet gjennom attraktive produkt for konsument-marknaden skjer gjennom innovasjon og foredling av råstoff av høgaste kvalitet i ein produksjon med høg automatiseringsgrad og strenge hygiene-krav. Satsing på produkt som er attraktive for betalingsvillige kundar, og innovasjonar som genererer auka lønnsemd sikrar meirverdi for konsernet.

2018 har vore prega av produksjonsutfordringar og vanskeleg biologi. Me har likevel greidd å auke omsetninga gjennom tilknyting til nye strategiske partnarar. Produksjonsvolumet er midlertidig redusert som følge av nemnte utfordringar, kombinert med moglegheita til å bygge biomasse gjennom hausten. Dette gir oss redusert lønnsemd i 2018, men samtidig ein høgare behaldning som skal haustast i 2019.

Resultata i 2018 til trass: Me innoverer og arbeider hardt for å industrialisere eigen produksjon gjennom auka produksjonskontroll og digitalisering. Me lanserer produkt som set standarden i sine marknad. Me opererer med høgast integritet og er forplikta til etterleving. Me investerer i våre tilsette og utviklar eigne talent. Dette er alle gode eksempel på etterleving av verdiane våre, kunnskap, utvikling, truverd og trivsel, og det gir god grobotn for forventningar til fortsetjinga.

Me opererer i dag i tre forretningsstraumar: settefisk, heilfisk og foredla fisk. I 2018 har me styrka Bremnes Fryseri sin konkurransekraft gjennom investeringar i teknologi og effektivitet. Viktige strategiske mål som større smolt, og meir fisk gjennom pakkeri og salsleddet er innfridd. Smoltstorleiken har auka med 23,5 % frå førre år og volumet av laks gjennom fabrikkane har auka med 2,8 %, eller 1 143 tonn.

Fordeling av omsetnad pr. segment

FINANSIELLE RESULTAT

Dei finansielle resultata er skapt av dei tilsette, og interaksjonen mellom dei, natur og teknologi. Langsiktig suksess kvilar på eit godt samspel mellom desse, samt ein vekst basert på miljømessig og finansiell berekraft.

KONSERNRESULTAT

Omsetnad og volum
Omsetning for 2018 var NOK 2 636,9 million, som var ein auke på 0,2 %, eller NOK 6,1 million samanlikna med omsetnaden på NOK 2 630,7 million i 2017. Veksten var drive av auka innkjøp og sal av ekstern fisk, og omsetnaden var den høgaste i konsernet si historie. Den gjennomsnittlege lakse­prisen gjekk ned med 1,5 % i 2018, samanlikna med 2017.

Konsernet hadde eit slaktevolum på 22 684 tonn fisk i 2018, dette var 1 655 tonn mindre enn i 2017.

Bakgrunnen for nedgangen var biologiske utfordringar i sommar­halvåret kombinert med utsetjing av slaktetidspunktet til 2019. I tillegg vart det prosessert 19 626 tonn ekstern fisk gjennom året,dette er ein auke på 2 798 tonn, eller 16,6 % samanlikna med 2017.

Materialkostnad
Varekostnaden for 2018 enda på NOK 1 635,7 million, ein auke på 11,3 %, eller NOK 166,3 million, samanlikna med materialkostnaden på NOK 1 469,5 million i 2017. Auken kom hovudsakleg frå høgare kostnader relatert til auka volum av ekstern fisk kombinert med fiskehelse og -fôr i sjøproduksjonen.

Løns- og personalkostnader
Totale løns- og personalkostnader for 2018 var NOK 303,9 million, som var ein auke på 10,4 %, eller NOK 28,7 million, samanlikna med NOK 275,2 million i 2017. Auken kom hovudsakleg frå vekst i årsverk, auka innleige og lønsvekst. For landaktivitetane kan redusert bemanning i foredlingsaktivitetane nemnast. Ved å auke automatiseringsgraden klarte ein å oppretthalda foredla produksjonsvolum, medan talet på tilsette i foredlingsproduksjonen vart redusert med sju årsverk i 2018. Netto auke i 2018 var 32,2 årsverk in- kludert innleigd arbeidskraft. Midlertidig arbeidskraft utgjorde 19,2 årsverk av netto vekst i 2018.

Andre driftskostnader
Andre driftskostnader auka med NOK 68,4 million, eller 23,6 % gjennom 2018 samanlikna med 2017. Dei auka kostnadene kom hovudsakleg gjennom høgare vedlikehaldskostnader, inngåing av time charter-avtale på brønnbåt og igangsetjing av post-smoltanlegget på Trovåg.

Driftsresultat før finanskostnader (EBIT)
Som eit resultat av dette vart EBIT i 2018 NOK 198,5 million samanlikna med NOK 427,7 million i 2017.

Skatt
For 2018 vart skattekostnaden på NOK 37,3 million, samanlikna med NOK 91,4 million i 2017. Hovuddrivaren for reduksjonen var reduserte slaktevolum i andre halvår av 2018 som fekk sterk innverknad på resultatet før skatt for året.

KONSESJONAR

Konsernet har 21 ordinære konsesjonar i tillegg til tre FoU-konsesjonar. Den bokførte verdien av konsesjonsrettane er i årsrekneskapen oppført med NOK 88,2 million for 2018. Målt i NOK per kg produsert laks utgjer dette NOK 3,17. Den bokførte verdien er uendra frå 2017. Den gjennomsnittlege netto utnyttinga av konsesjonane utgjer 91,8 % i 2018, samanlikna med 90,3 % i 2017 utgjer dette ei auke som kjem som ein kombinasjon av redusert slaktevolum og brakkleggingsperiodar. Det er ei forventning om at utnyttinga vil auka i komande år. Eit viktig element i denne samanheng er satsinga på større gjennomsnittsvekt på smolt som vert sett ut, noko som vil bidra til kortare produksjonstid i sjø og auka hausting per konsesjon.

LIKVIDITET OG KAPITALRESSURSAR

Dei viktigaste likviditetsressursane våre er kontantbehaldning, inntekter frå drift, og til ein viss grad banklån. Likviditetsbehovet kjem hovudsakleg gjennom varekostnader, inkludert ekstern fisk og fiskefôr, investeringar, anna arbeidskapital, og kapitalkostnader for handsaming av gjeld og utbytte.

Dagens behaldning av kontantar er tilstrekkeleg for å dekke arbeidskapital- behova i ordinær verksemd.

Netto renteberande gjeld var NOK 665,6 million per 31. desember 2018, og NOK 471,2 million for same periode i 2017. Auken kjem gjennom svakare kontantstraum frå drift. Dette kjem som nemnd av redusert slaktevolum og biomassebygging. Netto gjeld over sysselsett kapital utgjorde 31,9 % for 2018, medan tilsvarande forhold var 23,2 % i 2017.

KONTANTSTRAUM

Kontantstraum frå drift
Kontantstraum frå drift for 2018 enda på NOK 172,6 million, samanlikna med NOK 339,6 million for 2017. Reduksjonen kom delvis frå auka arbeidskapitalbinding kombinert med redusert driftsresultat.

Kontantstraum frå investeringar
Kontantstraum frå investeringar for 2018 var NOK -317,0 million. I 2017 var dette NOK -256,2 million. Den største drivaren på investeringssida var utbygginga på Trovåg. Dette tiltaket vil redusere produksjonstida i sjø vesentleg og sikre betydeleg betre kontroll på biologisk produksjon.

Kontantstraum frå finansiering
Kontantstraum frå finansiering for 2018 var NOK 47,1 million, samanlikna med NOK -43,8 million i 2017, av dette utgjorde utbytte NOK 50,0 million.

ÅRSRESULTAT

Resultatet etter skatt vart NOK 165,2 million. Dette er ein reduksjon på NOK 174,4 million samanlikna med NOK 339,6 million i 2017.

UTBYTTE

Bremnes Fryseri utbetalte eit utbytte per aksje på NOK 81,97 i 2018. I 2017 var utbytte NOK 65,6 per aksje.

KONSOLIDERT RESULTATRAPPORT

  NOK million % av omsetnad
  2018 2017 2018 2017
Inntekter 2 636,9 2 630,7 100,0 % 100,0 %
Varekostnad -1 635,7 -1 469,5 -62,0 % -55,9 %
Løn- og personalkostnader -303,9 -275,2 -11,5 % -10,5 %
Andre driftskostnader -358,6 -290,2 -13,6 % -11,0 %
Av- og nedskrivning -140,2 -168,2 -5,3 % -6,4 %
Driftsresultat før finanskostnader (EBIT) 198,5 427,7 7,5 % 16,3 %
Inntekt frå investeringar i tilknytte selskap 23,1 30,5 0,9 % 1,2 %
Rentekostnader -31,9 -28,3 -1,2 % -1,1 %
Andre finansielle kostnader 12,9 1,2 0,5 % 0,0 %
Resultat før skatt 202,5 431,0 7,7 % 16,4 %
Skatt -37,3 -91,4 -1,4 % -3,5 %
Årsresultat 165,2 339,6 6,3 % 12,9 %
ROCE % 9,5 % 21,0 %    

DISPONERING AV RESULTAT

På den komande Generalforsamlinga vil styret foreslå at årsresultatet på NOK 165,2 million disponerast som følgjer. Det skal utbetales et utbytte på NOK 50 million for 2018. Overføring til anna eigenkapital NOK 165,2 million.

FORTSATT DRIFT

Med bakgrunn i dette vert det i samsvar med Regnskapslova § 3-3a stadfesta at føresetnaden om framleis drift er lagt til grunn ved utarbeiding av rekneskapen. Stadfestinga er basert på rapporterte resultat, konsernet sin strategi, finansiell situasjon og etablerte budsjett.

BEREKRAFT

Det er stadig aukande sosialt fokus på berekraft og industriell verdiskaping. Samstundes skjer det ein kraftig utvikling i levestandard som vil krevje at framtidig matproduksjon møter global etterspurnad. I Bremnes Fryseri ser me ein klar samanheng mellom berekraft og lønnsemd. For langsiktig vekst og utvikling av konsernet og bransjen er det avgjerande at drifta skjer i tråd med miljø- og klimakrav, og styret sin oppgåve er at denne etikken vert ivaretatt etter beste evne, og derfor er også berekraft etablert som eit viktig fokusområde i strategien til konsernet. Dette krev stort fokus på rømingssikker produksjon, biologisk mangfald, rett bruk av medikament, fiskehelse og berekraftig råvarebruk. Det er eit mål at oppdrettsverksemda er drive forsvarleg i forhold til miljømessige mål.

Konsernet overvaker nøye sjøkvalitet og påverknad av botnforholda rundt anlegga for å sikre ei berekraftig drift med minimalt fotavtrykk på miljøet.

Lakselus har òg i 2018 vore ei utfordring for selskapet. For å møta utfordringane på ein betre måte har verksemda gjennomført ei rekke tiltak med blant anna satsing på førebyggande og ikkje-medikamentell behandling mot lakselus. Kombinert med sterkt fokus på førebyggande arbeid har ein lykkast med å kraftig redusere talet på behandlingar.

FORSKING OG UTVIKLING

I konsernet har ein som målsetting å drive aktivt med forsking og utvikling (FoU). Dette er viktig for å oppnå berekraftig vekst i bransjen gjennom god biologisk produksjon og eit best mogleg fotavtrykk. Arbeidet har i tillegg vore konsentrert rundt utvikling og forbetring av kvalitet i slakte- og foredlingsprosessen og utvikling av nye foredla kvalitetsprodukt. Dette arbeidet har ei klar kopling mot vår visjon om å setja den nye globale standarden for kvalitetslaks.

Selskapet sine FoU-aktivitetar blir utført i nært samarbeid med norske forskingsmiljø, og det er oppretta eigen utviklingsavdeling for å samle FoU-ressursane i konsernet og auke samhandling på tvers av forretnings-segmenta.

Fordeling mellom eigenkapital og lang-/kortsiktig gjeld

HELSE OG SIKKERHEIT

HMS-arbeidet pågår kontinuerleg. Det er viktig for Bremnes Fryseri-konsernet å ha ein levande og innarbeida HMS-kultur. Konsernet har to hovudverneombod og tolv verneombod fordelt i organisasjonen. Arbeidsmiljøutvalet (AMU) har avhalde fire møter i 2018. Operativ verksemd har høgt fokus på sikkerheit, og det er investert mykje i nytt og sikkert utstyr. I tillegg har konsernet auka resursane for å sikra trygge arbeidsforhold og god kapasitet til dagleg drift og oppfølging.

Trygt Heim-omgrepet står sterkt i organisasjonen, og har som mål å understreka fokuset til dei tilsette rundt arbeidstryggleik. Alle skal jobbe så sikkert at dei sjølv og kollegaene kjem trygt heim kvar dag. Styret har sterk tru på at haldningsskapande arbeid er nøkkelen til førebygging av alvorlege skader, og har som mål å skapa ein kultur der dei tilsette tek ansvar for både eigen og andre sin tryggleik. For å styrka dette haldningsarbeidet er oppfølging av registrerte sikkerheitsobservasjonar ein viktig del av HMS-rapporteringa.

Bremnes Fryseri sitt mål er null skadar. Sikkerheita til dei tilsette og eit sunt arbeidsmiljø står høgt på styret sin agenda, og ein vil aldri akseptera at ein går på kompromiss med tryggleik for å møta andre driftsmål. Samla sjukefråvær utgjorde 6,2 %.

Styret vil forsette å fokusera på viktigheita av forbetra helse og tryggleik i framhaldet.

TILSETTE

Ved utgangen av 2018 hadde konsernet 385 faste tilsette, samanlikna med 2017 utgjer dette ei vekst på 16 tilsette. Veksten i faste tilsette kjem som eit resultat av nytilsette på postsmoltfasiliteten på Trovåg og på prosess- og innkjøpsavdelingane. I tillegg brukar konsernet også innleigd arbeidskraft når det er naudsynt. I 2018 vart det utført 37,5 årsverk frå midlertidige tilsette, noko som utgjer ein vekst på 19,2 årsverk samanlikna med 2017.

Denne veksten kjem av store volumsvingingar for prosessanlegget. Styret rettar ein stor takk til alle tilsette for innsatsen som vart lagt ned i 2018.

DISKRIMINERING OG LIKE RETTIGHEITER

Bremens Fryseri er opptatt av å trygga likestilling, sikra like moglegheiter og rettigheiter og å hindra diskriminering i samsvar med Diskrimineringslova sitt formål. Konsernet arbeidar aktivt, målretta og planmessig for å sikra lovens formål om mangfald. Aktivitetane omfattar blant anna rekruttering, lønsog arbeidsvilkår, karriere og vern mot trakassering.

Konsernet har som mål å vera en arbeidsplass der det ikkje førekjem diskriminering på grunn av redusert funksjonsevne. Konsernet arbeidar aktivt og målretta for å utforma dei fysiske forholda slik at verksemda sine ulike funksjonar kan nyttast av flest mogleg.

Bransjen har tradisjonelt vore samansett hovudsakleg av menn. Ved utgangen av 2018 var det høvesvis 36,5 % og 63,5 % kvinner og menn. Den operative leiinga i konsernet er samansett av totalt 17 personar, der 11 er menn, og seks er kvinner. Av styrets seks medlemmer er ei kvinne.

Uavhengig av ønskje om likestilling mellom kjønna har konsernet i sin rekrutteringspolitikk og lønssystem alltid vektlagt den enkelte sin kompetanse og innsats som avgjerande.

MARKNADSUTSIKTER

Lønnsemda i lakseoppdrettsbransjen er flyktig, og det vil alltid vera usikkerheit knytt til vurderingar av framtidsutsikter. Høge råvareprisar og etterspurnad har vore sterke drivarar for utviklinga dei siste åra, og det er forventningar om framleis gode prisar, men rett nok på eit noko lågare nivå enn dei føregåande åra. Produksjonskostnaden auka i 2018, og styret forventar ytterlegare kostnadsauke i første halvår av 2019 som følgje av høg nedlagt kostnad i ståande biomasse kombinert med lågt sesonguttak.

Bremnes Fryseri arbeider målretta med å forbetra dei biologiske forholda i sjø. Styret anerkjenner den store jobben dei tilsette i konsernet gjer kvar dag for å betra tilhøva, og har tru på at auka samspel mellom nærliggjande aktørar i bransjen er den mest fruktbare vegen vidare. Dette, kombinert med auka ikkje-medikamentell handsaming av biologiske utfordringar, er viktig både med omsyn på lønnsemd og berekraft. Fisk som blir utsett for behandling mistar fôringsdagar og appetitt, som igjen medfører redusert vekst, auka fôrfaktor og auka produksjonskostnad. Dette er såleis eit område som krev stor merksemd komande år.

Det vart i 2018 innført eit nytt system for regulering av framtidig bransjevekst. Det nye systemet blir referert til som «trafikklyssystemet», og deler landet inn i 13 produksjonsområde langs kysten. Avhengig av området sin miljømessige berekraft vert det tillate ein vekst på opp til 6 %. Effekten av sjølus på vill-laks er definert som ein miljøindikator, og vekst i kvart område vert avgjort basert på denne. Hordaland er i eit raudt område, noko som kan bety at produksjonsauke ikkje er tillate, med mogleg krav om reduksjon. Dette vil i så fall bety at oppdrettsaktørar i denne regionen ikkje får ta del i veksten, og vil dermed få ein konkurranseulempe. Rogaland er i eit gult område, noko som kan bety ingen produksjonsauke. Tilstrekkeleg tilgang på stor smolt blir såleis endå viktigare for å redusere talet på månader i sjø. Utbygginga av smoltanlegget på Trovåg og investeringa i Tytlandsvik Aqua vil bidra til å oppfylle desse krava. Stor smolt er meir robust og motstandsdyktig, noko som vil bidra til å styrke biologiske forhold, og god tilgang på sjølvforsynt smolt vil på sikt resultera i lågare produksjonskostnader. Kombinert med at store krefter vert lagt ned i utvikling av settefisk har ein samstundes evna å halde fokus på dagleg drift, og klart å auke marginane i 2018 samanlikna med 2017. Heilfisk-produksjonen har i tråd med strategisk fokus klart å auka konsesjonsutnyttinga, og meir enn halvert behandlingsaktivitetane. Som eit ledd for å bidra til ytterlegare framtidig volumauke, reduserte kostnader og auka berekraft har konsernet fleire søknader inne i utviklingskonsesjonsprogrammet til myndigheitene. Basert på eksisterande produksjonsplanar har konsernet som mål å oppnå eit slaktevolum på 30 000 tonn i 2019. Dette utgjer ein vekst på 32 % samanlikna med 2018. Denne veksten kjem gjennom betre utnytting av eksisterande produksjonstillatingar og auka smoltstorleik. Foredlingsaktivitetane har levert svært gode resultat gjennom meir effektiv kapasitetsutnytting i produksjonen, og vidareutvikling av sterke merkevarer. Resultata kjem på trass av høge råvareprisar. Dette er godt støtta av marknadsarbeidet i Salmon Brands og Ocean Quality. Salsselskapa har bidrege sterkt til å styrka konsernet sine merkevarer gjennom ei innovativ marknadstilnærming som har utvikla både volum og produktattraktivitet. Etterspurnaden etter ferske lakseprodukt aukar kvart år, og konsernet ser fleire spennande utviklingsretningar dei komande åra.

Bremnes Fryseri vil fortsette å investere på tvers av verdikjeda for å støtte organisk vekst.

Kapitalutgifter i budsjettet for 2019 er rundt NOK 200 million, der NOK 145 million er retta mot ekspansjonstiltak. Styrken til marknaden for fersk laks har blitt testa gjennom auka priser over fleire år, og etterspurnaden har vore stabil. Ein betydeleg drivar i denne samanheng er foredla lakseprodukt der trenden er at laks er blitt reposisjonert bort frå

den tradisjonelle fiskedisken og i retning av meir tilgjengelege ferskvareutval samansett av varer med lågt brukargrensesnitt. Gjennom produktutvikling innan laksekategorien kan kundane i større grad velje ferske ferdigpakka produkt eller varer med større foredlingsgrad. Totalt sett er den globale marknaden for laks svært sterk, og kombinert med arbeidet med å utvikle og styrke felles konsernkultur der alle tilsette veit korleis deira innsats bidreg til strategisk måloppnåing basert på konsernet sine verdiar, har styret høge forventningar til utviklinga av konsernet i fortsetjinga.